Om oss
Velkommen til Askvoll småbåthamn og gjestehamn.
Askvoll Småbåtlag blei stifta 03.03.1976.
Hamna i Olsetvikane og Alléhamna i sentrum som begge høyrer til Askvoll Småbåtlag har jevnt og trutt blitt oppgradert. I 2013 med nye flytebrygger med tilhørande uteriggarar og strømpåler i Alléhamna, og i 2015 med nye moderne strømpåler til bobiler og campingvogner på campingplassen. Det er blitt lagt ned asfalt ved oppstillingsplassen for bobiler og vogner. Tømmestasjon for septik og gråvann er plassert ved inn/utkjøring av campingplassen.
Olsethamna blei ferdigstilt med nye brygger med tilhørande nye strømpålar og vannpostar rett etter påske i 2016. Standarden i Olsethamna er no den samme som i Allèhamna.
Både Allèhamna og Olsethamna fekk i 2023 ny vaskekai/avlastingskai.
Askvoll Småbåtlag er medlem av Kongelig Norsk Båtforbund (K.N.B.F)
Vårt tilbud
- Askvoll Småbåtlag tilbyr plassar både til telt, campingvogner, bobilar og båtar..
- Det er tilgang til strøm på campingplassen og ved gjestehamna for dei som trenger det. Strøm er inkludert.
- Dusj, WC, vaskemaskin og tørketrommel.
- Gratis internett, WIFI.